Faktafeil
Feil i namn, årstal, referansar, historiske opplysningar, tekniske detaljar eller andre kontrollerbare forhold.
Motsegner og rettingar
DET SOM ER er opna for lesing, prøving, motsegner, rettingar og bruk.
Målet er ikkje ros, men etterretteleg prøving. Send inn feil, innvendingar, presiseringar og rettingar som kan gjera verket, referansen og den offentlege bruken klårare.
Typar innspel
Innspel bør vera så presise som mogleg. Det er betre med éi tydeleg, avgrensa innvending enn ei lang og uklar vurdering.
Feil i namn, årstal, referansar, historiske opplysningar, tekniske detaljar eller andre kontrollerbare forhold.
Nynorsk, teiknsetjing, formuleringar, uklåre setningar, typografi eller andre språklege presiseringar.
ISBN, metadata, siteringsform, filnamn, utgåveinformasjon, lenkjer eller formelle publikasjonsspørsmål.
Filosofiske, språklege, logiske, metodiske eller praktiske innvendingar mot grunnlag, overgangar eller konsekvensar.
Tilfelle der verket vert brukt i språk, handling, pedagogikk, kritikk, formidling eller anna praksis.
Innspel som viser kva som faktisk måtte falla for at verket ikkje kan halda den rolla det gjev seg sjølv.
Format
Bruk gjerne denne strukturen når du sender inn ei retting eller motsegn:
1. Sidetal eller avsnitt
2. Kort sitat eller nøyaktig formulering
3. Type innspel: faktafeil, språk, metadata, tolking, motsegn
eller praksisprøving
4. Kva problemet er
5. Kvifor det er eit problem
6. Eventuelt forslag til retting eller presisering
Skil helst mellom fakta, tolking og vurdering. Dersom innspelet gjeld ei motsegn, vis gjerne kva del av verket motsegna rammar: grunnlag, overgang, omgrep, praksisfølgje eller heilskap.
Handsaming
Innspel vert lesne med sikte på presisjon, relevans og etterretteleg korrigering. Ikkje alle innspel vil føra til endring, men alvorlege feil, gode motsegner og viktige presiseringar skal takast på alvor.
Mindre språklege eller tekniske rettingar kan rettast i seinare filer eller utgåver. Større motsegner bør førast inn i ein offentleg respons- eller rettingslogg når denne er etablert.
Det er eit mål at publikasjonshistoria skal vera sporbar: masterfil, rettingar, metadata, utgåveinformasjon og seinare endringar skal ikkje blandast saman på ein uklar måte.
Kontakt
Bruk denne adressa for rettingar, motsegner, bibliografiske merknader og tekniske feil:
For presse eller faglege førespurnader: